BØ PRESTEGARD – HOLMEN

 

I mange hundre år var prestegarden Holmen prestebustad i Bø. Nå er denne perioden over. Ein kan sjå det som sluttsteinen i ein prosess som byrja kring 1900, da presten ikkje lenger dreiv garden sjølv. Noko seinare vart så jord- og skogeigedomane selde unna og gardshus vart rivne; bare det gamle tunet med hovudbygning, stabbur og hage var igjen. Men kva ville skje med dei gamle prestegardsbygningane og tunet når presten flytte ut? Eit folkemøte kravde at Bø Prestegard ikkje skulle seljast til høgstbydande, men framleis vere ein møtestad for folk i bygda. Det vart forhandla med Opplysningsvesenets Fond om kjøp av prestegarden, og Stiftinga Bø Prestegard vart etablert i 2006. Stiftinga har bl.a. som formål å ta vare på Bø Prestegard ”som del av den lokale kulturarven og som kulturminne [...] og nytte den til kulturelle føremål”. Dette er noko av bakgrunnen for dette skriftet; her presenterer vi nokre trekk av norsk preste- og prestegardshistorie. Poenget er å vise kor viktig prestegarden har vore som møtestad og kulturell arena – i samspel med bygdefolket og han som budde i prestegarden og var hovudperson der – presten.

Det gamle namnet på Bø Prestegard er Holmen. Det er eit gammalt gardsnamn og tyder ei lita høgd i landskapet. På same nivå som Holmen ligg dei to Bø-kyrkjene – den eine ei steinkyrkje frå mellomalderen og den andre ei trekyrkje frå om lag 1870 – mens prestvegen følgjer lendet mellom kyrkje og prestegard, ned i dalen og opp att på andre sida. Det er grunn til å tru at Holmen har vore prestegard svært lenge og i alle høve frå mellomalderen; den første gong garden er nemnd, er i biskop Eystein Aslakssons jordebok frå 1390-åra (”Raudeboka”).

Etter kvart skaffa prestane seg gardar og gardpartar i bygda, og dette gav prestegarden eit sikkert økonomisk grunnlag – men det førte også til strid og rettssaker. Snart var prestegarden ein av dei største gardane i bygda; på det meste om lag 900 mål innmark. Gardane Kleppen og Hasarud vart tidleg lagde under prestegarden, og heile det området som i dag er Bø sentrum, Åsmundsskogen, vart utkantområde til prestegarden. På Lifjell høyrde dei to setrene Vihus og Oksla til. Vihus var såkalla ”heimeseter”, dit seterjentene drog med buskapen så snart graset grønkast og lauvet spratt, og så flytte dei lenger til fjells, til Oksla, utpå sommaren.

Hovudbygningen på Bø Prestegard er sett saman av to tømrer som er bundne saman av ein stor gang og eit rom i bakkant. Den eldste tømmerbygningen er frå siste del av 1600-talet, og den andre frå midten av 1700-talet. Nåverande ytterkledning er frå om lag 1910. Den andre gamle bygningen i prestegardstunet er stabburet, eller stolbua – men alderen er uviss. I alle høve er prestegardsbygningane særleg verneverdige, for det finst få bygningar av denne typen i ei jordbruksbygd som Bø. Verneverdig er sjølvsagt også prestegardstunet og prestvegen mellom Holmen og Bø-haugen der kyrkjene ligg.

 Startside